kameleon quilt logo

Kameleonquilt nr 1



Go to English pages
Heim 
Om meg 
Kameleonquiltar 
Galleri 
Mønster til salgs 
Arbeid under utforming 
Inspirasjon 
Foto på stoff 
Data og quilting 
Teppe laga av andre 
 
 
Linkar 
E-mail 

Kameleonquilt nr 1 "Natt og Dag"
120x120 cm (48''x48'')

Denne quilten var laga i 1998 og er den første i ein serie med Kameleon quiltar. Dei 60 tredimensjonale trekantane kan brettast og knappast i
 
1 152 921 504 606 846 976

mulige kombinasjonar. Av desse vil 512 danne symmetriske mønster.
På denne sida kan du sjå nokre få av dei mulige kombinasjonane.
Dersom du vil sjå korleis quilten gradvis forandrar utsjånad kan du gå til "tegnefilm-versjonen".

Her er alle trekantane bretta og knappa vekk frå dei orange blokkene og dekkjer mesteparten av dei grøne blokkene. Det er berre dei rosa sidene på trekantane som visest når dei er knappa på denne måten. Quilten minner no om ein solskinsdag.

Her er alle trekantane knappa vekk frå dei grønne blokkene og dekkjer nesten dei orange blokkene. Vi kan berre sjå dei lilla sidene av trekantane. Utsjånaden kan minne om ei stjernenatt.

På dette bildet er trekantane knappa slik at mønsteret blir eit sentralornament. No ser vi nokre rosa og nokre lilla sider på trekantane.

Dette bildet viser trekantane bretta og knappa anten oppover eller til venstre, og dei lagar eit mønster med diagonale striper. Her og kan vi sjå både rosa og lilla sider på trekantane.

Detalj som viser dei bogne tredimensjonale trekantane og knappane.

Historie og utstillingar

"Natt og Dag var ferdig hausten 1998, ca 1 1/2 år etter at ideen var unnfanga.

Den vart antatt i den juryerte utstillinga "First Horizon" som vart vist saman med andre utstillingar på "The Spring Quilt Fairs" på fire forskjellige stadar i England og Belgia våren 1999. "Natt og Dag" vann publikumsprisen på to av desse stadane, Brugge og York

Hausten 1999 vart den antatt på "Pacific International Quilt Festival" i California, og her fekk den ein "Honorable Mention"

"Natt og Dag" har og vore utstilt på årsmøtet til Norsk Quilteforbund, på Nordisk Quiltetreff i Odense i mai 2000 og på Vestlandstreffet i oktober 2000.

Hausten 1999 vart det utarbeidd mønster til "Natt og Dag", først på engelsk, og våren 2000 på norsk.

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2002 Eldrid Røyset Førde